RSS

Månedlige arkiver: desember 2010

Kunsten og halde tunga rett i munnen!

Folk som kjenner meg veit at eg likar å ha kontroll.  Og kanskje spesielt i rolla som CF-mamma.  Trur nok det er fleire som meg der ute, fleire CF-foreldre som slit med det og halde tunga rett i munnen når ein skal sjonglere med medisinar som skal takast når andre ikkje skal takast og omvendt.  Og samstundes skal ein sjonglere alle dei forskjellige hattane og. Det hender seg rett som det er at sjukepleiarhatten er på når mammahatten var den som skulle ha vore bruka. La meg prøve å forklare.

Hanne Martine tar, som de sikkert allereie har skjønt, ganske mange forskjellege medisinar. Ho tek mellom anna fleire forskjellege sortar penicillin/antibiotika grunna infeksjon av forskjellege typar bakteriar i luftvegane. Og det er her sjongleringa kjem inn. Eg startar med intravenøs behandling og gjer dykk eit “bilete” av ein 12-ukers periode.

Den intravenøse medisinen er kraftige saker, så da blir all annan antibiotika/penicillin fjerna og ho får ein annan sort tablettar for å takle behandlinga betre. Dette pågår i 14 dagar. Så avsluttar ho IV-behandling og desse tablettane og startar med penicillintablettar. Når det har gått 3 veker med “kun” penicillin, startar ho opp med antibiotikabehandling via forstøvarapparat i tillegg. Slik går dagane då i 4 veker. Då avsluttar ho behandlinga med forstøvarapparatet og tek berre penicillin i 3 veker, før ho igjen startar intravenøs behandling og heile regla gjentar seg. I løpet av desse 12 vekene skal det og sendast expektorat (slimprøve) til Ullevål 10-14 dagar etter endt IV-kur og 10-14 dagar før IV-kur. Og så skal det blåsast spirometri ca. 1 veke etter endt IV og ved oppstart av IV. Og 6. kvar veke må veneporten skylast.

Ramla du av?? Det gjorde eg og 😀

Så mor sjølv fann eit nytt “leikety” på PCen. EXCEL…eg lovprisar deg 😀 😀 Så no er alt sett inn i kolonnar og radar i “svart/hvitt og fine farger” 😀 Og eg er SÅ nøgd med meg sjølv 😀 Det gjer k(a)vardagen bittelitt enklare når alt står nedskrive. Og mor sjøl har, noko nerdete, bebuda at ho ønskar seg Excel-kurs i julegåve 😀

 

Og så er det snart jul og 😀
Huset vårt er fullt av nissar. Vi har ein adventsnisse. Han skiftar til julegardinar, sett fram adventsstjerner i vindauga og byttar ut dekketøyet i kjøkkenskåpa med juleserviset natt til 1. søndag i advent. Så har vi ein kalendernisse som kjem og legg godter i min heimesydde kalender kvar natt fra 1. til 24. desember. Han byrja med dette etter at husets eldste sønn hadde plyndra kalenderlommane ein gong for mykje 😉
Og så finnes det ein pyntenisse som heng opp ein liten julepynt kvar natt i heile desember. Det kan vere eit lite hjerte i husets største potteplante eller ei lita bjølle i gardinbrettet. Poenget er at «ungane» må leite etter pynten kvar morgon. Så da blir det jo eigentleg ein adventskalender det og.

Og så bakar vi (eg)!! Og baking er for meg ikkje stress, det er rein nytelse og kos 😀
Eg bestemmer kvart år at vi ikkje skal ha så mange sortar….eller så mykje av kvar sort…men eg høyrer aldri etter 😀 Baking er da så terapeutisk! Det å stå sjå på at gult smør og kornete sukker blir til ein kvit, luftig masse er da fasinerande, ikkje sant? Og så godt som det luktar i heile huset når du tek det «ørtende» brettet med riflar ut av steikomnen og konstaterar at det vart 15 sortar i år og 😉
No har eg ikkje kome til 15 sortar i år…endå….berre 8. Men det er 16 dagar til juleaftan, så eg rekk nok enda nokre sortar.

Og alle småfuglane blir hysterisk glade i slutten av januar 2011 😀

Og slik går no dagane i den Jensenske heimen. Som eg plar seie, vi kan ikkje anne enn å klage 😀

Eg ynskjer dykk alle ei fredelg adventstid. Og stress ned. Kva salgs «førjulsmamma» trur du ungane dine vil ha? Ei mor som ikkje hadde tid til kos og kjærleik fordi alle tak, veggar og skåp måtte vaskast til jul. Eller ei mor som senka skuldrene og konkluderte med at det luraste er å vaske til våren når vi er ferdige med talglyssesongen? Eg veit  kva mine ungar (og eg sjølv) velger 😀

♥ Ta vare på deg sjølv, nokon er glad i deg ♥ 

Advertisements
 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 08/12/2010 i hverdag

 
 
%d bloggers like this: