RSS

Månedlige arkiver: oktober 2013

CF-familien og dei gode hjelparane!

CF.bladet nr. 2/2013 handla mellom anna om dei gode hjelparane rundt om i landet. Dei som gjer
k(a)vardagen så mykje enklare å bere. Her er mine tankar og takkar:

Det var ein gong ein familie som brått fekk snudd kvardagen sin på hovudet. Dagane som berre skulle innehalde dei vanlege kvardagsproblema, blei brått til noko heilt anna. Dei fekk beskjed om at barnet deira hadde ein alvorleg, livslang sjukdom. Barnet hadde Cystisk Fibrose. Med eit såg framtida mørk og trist ut og foreldra var sikre på at dei aldri meir kom til å smile. For korleis kunne dei det når oppgåvene dei vart stilt overfor verka uoverkommeleg?
Men det tok ikkje lang tid før dei forsto at dei tok feil, for dei fekk bli kjende med dei gode hjelparane. Og etter kvart som tida gjekk, og dei fekk kontakt med andre CF-familiar, forsto dei at dei gode hjelparane synte seg på mange måtar i kvardagen og kom i forskjelliga variantar. Det kunne vere ein sjukepleiar på ei barneavdeling eller ein lege på ei lokalt helsesenter. Det kunne vere ei bestemor, ein onkel, avlastar eller ein saksbehandlar på NAV. Ein assistent i barnehagen, rektor på ein skule eller ein god ven. Felles for dei gode hjelparane var at dei alle gjorde det dei kunne, og litt til, for at CF-familien skulle finne att smilet i kvardagen. Ga så god hjelp og støtte at kvardagen vart leveleg. Slik at det vart fleire gode tankar enn dårlege. Fleire lyse dagar enn mørke. Og dei skjøna at ingen kan vite på førehand kva livet vil gje, men at dei gode hjelparane gjorde vegen tusen gonger lettare å gå. For vegen er alltid lettare og gå når du har nokon og gå saman med!
Så gjekk dei ut i livet, med rak rygg og smilet på plass. Trygge på at dei gode hjelparane  sto klare om dei behøvdes.

Om du synest dette høyrdes ut som eit lite eventyr, så er det nett det. Eit ekte eventyr for mange CF-familiar. For dei gode hjelparane  verkar ofte å vere heilt eventyrlege, ut av ei anna verd.
Dessverre er det ikkje alle som føler at dei har fått kontakt med dei gode hjelparane, men ikkje gje opp. Dei finnest, ein må bare la dei få lov til å hjelpe! For alle treng vi hjelp innimellom, ingen kan bere verdas tyngste bør åleine. Så hald auga opne, så finn du ein av dei gode hjelparane du og!

 

Du gode hjelpar!2013-03-07 18.12.01

Du gjer oss av styrken din.
Syner oss kor sterke vi er.
Er der for oss når alt velter.
Når oppgåva blir for stor.
Når vi treng deg.

Du løfter bører av akslene vår.
Løfter dei av og ber dei saman med oss.
Høyrer på bekymringane våre.
Trøyster og gjev oss omsorg.
Når vi treng deg.

Du er brua mellom mørkt og lyst.
Grinda mellom tungt og lett.
Ein kvardagshelt?
Du gode hjelpar.
Takk!

Reklamer
 
 
%d bloggere like this: