RSS

Månedlige arkiver: juli 2015

Eventyret om Den Unge Vaksne og millionen som forsvann!

girl-598356På ein liten stad, ved enden av ein lang fjord, budde Den Unge Vaksne. Namnet hadde endra seg med åra. Det starta med Vesle Venen og vart etter kvart til Søkande Ungdom, alt medan mennesket som bar namnet og endra seg i veremåte og framferd. Den Unge Vaksne, hadde heile livet hatt helsemessige utfordringar, som gjorde at dagane ikkje såg heilt ut som for Folk Flest.
Vesle Venen takla dette på ein framifrå måte, og gjorde som Heiltids Hønemor sa. Alle medisinar vart tekne, heilt etter boka, og all anna behandling vart følgt til punkt og prikke. Dei kalla det ei god investering, der gevinsten låg ein stad langt inne i framtida!
Så endra namnet seg til Søkande Ungdom, og dagane endra seg på ein snikande måte. Snarvegar, som før ikkje var ensa, vart jamleg tekne i bruk. Hukommelsen såg og ut til å endre seg, sidan «det gløymde eg» var eit uttrykk som oftare og oftare vart bruka. At innskota på kontoen for helsegevinst vart mindre tenkte ikkje Søkande Ungdom på, og aukinga av kontoen stoppe heilt opp.

Og då namnet endra seg til Den Unge Vaksne, heretter kalla DUV, blei det fleire uttak enn innskot på nemnte konto. DUV hadde sine heilt bestemte meiningar om kva som var aller viktigast i livet, noko som ofte skapa konfliktar med Heiltids Hønemor. Konfliktane sto i kø og det var ei tøff tid for alle dei som brydde seg om, og berre ville det aller beste for DUV. Helsegevinstkontoen minka faretruande, sjølv om det var små innskot innimellom. Intensjonane og lovnadene, og brota på same, gjekk hand i hand, avstanden frå tanke til handling vart ofte uoverkommeleg lang. Det vart lengre og lengre mellom dei gode dagane, og dei nære og gode samtalane mellom DUV og Heiltids Hønemor. Dei ropa meir enn dei snakka, og stemninga i heimen var ofte meir enn tung. Men uansett kva ho sa, og korleis ho sa det, så følte ikkje Heiltids Hønemor at ho nådde inn til DUV.
Men innimellom glimta det til, og dei to kunne sitje lenge å prate om både det eine og det andre. Og ein dag, med berre dei to heime, fann dei i eit lite glim attende til den varme og gode stemninga frå Den gong då. Og Heiltids Hønemor nytta høvet til å kome med ein metafor, som DUV, på ein måte litt overraska, erkjente at det var klokt forklart.

Heiltids Hønemor sa: Tenk deg at det ligg ein million norske kroner på eit bord nokre meter unna der du sit. Det einaste du treng å gjere for å få dei er å reise deg, gå dei få skritta bort til bordet og ta pengane. Ikkje meir enn det, inga hake og ingen skjult agenda. Rett og slett ein gevinst, med berre litt innsats frå deg. Endre fokus, investere noko av tida di, reis deg opp, gå dei skritta som trengs, ta pengane og gjer med dei akkurat som du vil. Og tenk kva du kan gjere med 1 000 000 kroner!
Men så passar det ikkje å reise seg akkurat no, du satt så godt, skal berre sjå ferdig det som er på TV først, ete litt, sjekke Twitter. Skal berre og skal berre i aller beste Albert Åberg-stil. Og for kvart sekund forsvinn det ein liten sum pengar. Og for kvar gong du utset å hente pengane, så forsvinn ein større sum. Jo lengre du utset, jo raskare går det. Og når du omsider reiser deg opp, med den millionen som låg der som einaste mål, så er han borte. Det einaste som er att er lommerusk som du ikkje kan bruke til noko som helst.
Slik er det ein må tenkje når ein har sjukdommar som er krevjande. Sjå på all tida ein brukar på medisinering og behandling som ei rein investering i helsegevinst, og i eiga framtid. Og for kvar gong ein «gløymer», droppar, utelet og utsett, så minkar det farleg raskt på helsegevinstkontoen. Og når ein omsider endrar fokus, og gjer det som ein veit er viktig, så er kontoen mest tom. Berre smular att som knapt kan brukast til det mest nødvendige.

DUV fekk litt å tenkje på etter denne samtalen, og endra framferd over natta. Etter dette vart alt heilt perfekt og alle gjorde alt dei skulle og levde i fred og harmoni med seg sjølv og dei rundt seg.

Snipp snapp snute, så var eventyret ute!

 

P.S. Slutten på eventyret vart nok å strekke sanninga litt langt. Men det er eit håp om at orda frå Heiltids Hønemor sådde eit lite frø i DUV. Eit frø som veks sakte, men sikkert, før det ein dag sprett ut i den vakraste «blomen» av dei alle. Forståinga av at den investeringa du gjer no betalar seg mangedobla seinare!

Reklamer
 
 
%d bloggere like this: