RSS

Månedlige arkiver: oktober 2012

Stopp!

Stopp orda
Stopp tankane
Stopp meg

Stopp verda, ho gjer meg ondt!
Gjer deg ondt.
Ondt som sårar og slår
hardt.

Lagar mørketid i sinna våre.
Skapar tankar vi ikkje vil tenkje.
Ord vi ikkje vil seie.

Stopp!

Eg vil ha midnattsol,
glede
og leik.

Lyse ord
fylde av
kjærleik.

Tankar som gjer godt.

Eg vil vere
den du ønskjer deg.

Vil du?

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 02/10/2012 i "dikt" og slikt